Tema for AMIFF 2026
ääni naapurista
lyd fra naboan
nipimik sanilerisamiiti
الضوضاء الصادرة من الجيران.
čuorvu lagaš olbmuin
AMIFF 2026
Høyrt og uhøyrt.
Kan alle bli høyrde?
Kva skjer når ein høyrer noko ubestemmt, ein formlaus størrelse – ein lyd?
«Lyd» er definert som ein uspesifikk beskrivelse av ei lydbølge. Lyd fortel oss at noko skjer – eller nokon andre – er til stades? Den uventa eller ukjende lyden kan sejte oss i beredskap. Kan ein uidentifisert lyd varsle fare? Går alarmen? Er det eit dyr, eit menneske, eit lenge etterlengta utenomjordisk signal, ein forfar eller mor eller den forlagte mobilen?
Og når blir ein lyd til ein forstyrrelse, eller støy? Er det for høgt? Kva gjer ein?
Er det naboen?
Festival tittelen har fem versjonar av Lyd fra naboan, på fem forskjellige språk. Finsk, norsk, grønlandsk, arabisk og nord-samisk, Det vil seia, då eg testa omsettinga fra arabisk til norsk vart googletranslate versjonen til,“støy fra naboer”. I eit anna nettsøk har “lyd fra naboan”på nord-samisk blitt til «roper på/påkaller sine nære» eller «rop til de nære folkene», eller enno meir poetisk, «søker hjelp hos sine nærmeste» . Kva ein spør om eller korleis ein stiller spørsmålet gjer om på svaret. Algoritmer endrar også oppfatning.
Til årets AMIFF var tanken å leite og høyre etter lydspor som nyanserer forståelsen av omgivnadane og samtida. Kva det ein ikke høyrer avdi ein ikke lyttar eller ikke høyrer avdi det ikke kan sjå lydkjelda? Kva med det uhøyrde og det lydlause? Det skulle kunne handla om bakgrunnsstøy, ulydar og det uartikulerte som kunstfilm kan. Festivalen ønskjer å angå samtida ved å sjå på tidslinjer og lydspor fra mange hald. Det å vera eit rom for å formidle dissonans og bearbeide potensielt støyberande temaer og høyre lydar fra uventa hald er eit mål.
Avdi det kan føre til samtalar med uventa vinklingar som kan utdjupe og fortelje andre historiar og utvide forståinga av kor og kven vi og dei andre er. Festivalen har ambisjonar om å høyre og utvide samtalen på ein opplysande og alliansebyggjande måte.
-Kjetil Berge